Vinskvetten

SHOW / VISER / ROCK


Sist gong me i Vinskvetten kom med ny plata var Kjell Magne Bondevik statsminister i landet, Youtube fanns ikkje, røykeloven var ein fjern idè, og Brann hadde ikkje tatt gullet heim sia 1963.


Så for oss karane è detta ein stor begivenhet på linja med den dagjen fatter`n vart oppgradert fråstrikkar til strikkemaskinreperatør på fabrikkjen hausten 1965, og han fekk blå frakkje med kulepenna på brystlommå.


Vi forstår da slik at dei fleste plateartista no før tide laga musikken sin på ein pc på gute- og jenterommet. Sånn è da ikkje med oss karane. Vi ana ikkje korleis vi får musikken inn på ein pc.


Reint teknisk gjekk vi ut or tide ein gong på 70- talet. Vi tok i staden songane våre med til Duperstudio og spelte dei inn på gamlemåten, og vi er veldig fornøgd med ka den makalause produsenten Yngve Sætre har fått til med songane våre.


Og i følgje den nærmaste familien vår syng og spelar vi framleis godt, så lenge alle i gruppå huska å ta medisinane sine. Da kan for så vidt folk bedømma sjølv.


I følgje Spåttifai er da øve 40 000 månentlege lyttare på Vinskvetten. Dei har vore utruleg tålmodige og fortena verkeleg ei ny plata.