Berit og Twang Gang

BLUES / BLUESROCK 


Berit Håpoldøy og Twang gang har funne tonen.


Etter 22 år på vegen har Erlend Styve og gutane i rockabillytrioen frå Voss funne ut at dei treng littkjønnsbalanse i bandet. Då var Berit den fyrste dei tenkte på.


Gullrøysta frå Herdla som har millionar med streams var ikkje vond å be. Resultatet er at den hardtswingande trioen no blir dytta lengre mot countrysjangeren og samtidig har beina godt planta i den tidlegaste rocken.


Dei leverer eit godt knippe eigne låtar, men kjenner og ansvaret for å vidareformidla arven frå 50 og 60 talet. Dette fungerer like godt på konsert som det gjer på dansegolvet. Dette vil du ikkje gå glipp av!