The Bollocks

Unge karer spiller gammel rock og punk

The Bollocks er fira ungdommar frå Voss med beina godt planta i Rock n Roll sjangeren.

Bandet øver mykje og er opptatt av å levere musikk med god kvalitet. Dei starta å skrive songar på engelsk men gjekk fort over til norsk fordi det føltes meir naturlig, og gjer eit meir eigenarta lydbilete og image.

Bandet er inspirert av dei gode, gamle klassiske lydbilda frå 60/70 tallet, men ber og preg av den klassiske punk rocken. Bandet har ein gjenkjennelig sound med fengande melodiar, tekstar på dialekt og eit kraftig lydbilde av gitarar, bass, trommer og fleirstemte koringar.

The Bollocks har eit energisk live show med stor speleglede og er opptatt av at publikum skal få valuta for pengane sine. Bandet har spelt på diverse festivala, dei kom også til finalen i Eggstockfestivalen i Bergen i år, og har spelt rundt på forskjellige uteplassar og klubbar der dei har opparbeida seg god live erfaring.

Bandet har og ein debut EP på veg ut i løpet av sommaren Bandet består av: Ludvik Skattum - Gitar, Alexander Norevik - Trommer, Eivind Dæmring Styve - Gitar og vokal og Martin Brekkhus - Bass og vokal