Good Time Charlie

Jubelblues!

Good Time Charlie er klare med sitt tredje album i Jubelblues- serien – ”Lakenskrekk”

Her får du høyre melodiar om lakenskrekk, sølehopping, jojotroll, mirakelkur og trenaren som har tørna.

Med barne- og familiekonseptet JUBELBLUES har Good Time Charlie truffe innertiar i det å spele blues for barn i alle aldrar.

Musikken er energisk rhythm & blues i kjent Good Time Charlie-stil. Tekstane er på vestlandsdialekt og songane er lette å synge med på. Her fins både positivt innhald, mykje humor, ville sprell på bluesgitar og fri fantasi!

Bandet har ein unik evne til å skape god kontakt med publikum gjennom musikken sin og gjer alle som ynskjer det ein mulegheit til å delta - det handlar om å få brukt musikkglede og spontanitet på ein god og leikande måte.

JUBELBLUES er gøy for små og store. Passar for heile barneflokken – frå 0 – 100 år!

”Topp! Nok en fulltreffer av en barneplate. Et overskuddsprosjekt med herlige barneanarkistiske tekster.” - Øyvind Pharo, Bluesnews

”Bravo for barneblues! Allsangfaktoren er høy. Anbefales for små og store.” -Per Haukaas, Bergensavisen

Foto: Oddleiv Apneseth

Good Time Charlie er:

Arle Hjelmeland – vokal, munnspel, kazoo
Steinar Karlsen – gitar, vokal
Morten Skage – bass, vokal
Einar Olsson – trommer, vokal