Cato og Claus

Strilekultur! Full av skarpe profiler.

 

Cato & Claus alias Cato Jensen og Claus Sellevoll kjenner typane og miljøet, noko dei fekk vist med den kritikarroste humørbomba «Singel & Sand» i Bergen i fjor haust.

I denne framsyninga som dei kallar «Strileshow» går duoen endå tettare på dei frodige karakterane, og byr publikum både søte og salte krambuedrops gjennom sketsjar, parodiar og songar frå eit miljø og ein kultur som dei fleste kjenner til, i alle fall på Vestlandet.