Bjørn Jensen og Klabbetrynet

Ekstremvestlending!

Bjørn Jensen er Vestlandet sin offisielle leverandør av humor, musikk og humormusikk. Innimellom jobbane med Ausekarane og Vinsketten – skal han komme og halde sitt eige elleville show for deg? Då tek han med seg Svein Tore Hindenes, som er orkesterleiar i Ausekarane. Dei er fleksible med lengden på showet, men held gjerne på ein og ein halv time. Med morosame historier, «sjau og spel», og alle dei beste låtane frå Ausekarane og Vinskvetten!

Ikkje dårleg, ka? Bjørn Jensen er ein ekstremvestlending, seier juryen som kårar dei 15 mest vestlandske vestlendingane! I ein podcast-serie som Bergens Tidende har gåande, presenterer dei alle 15, og Bjørn er mest ekstrem.